Hopp til innhold

Mobile gasskraftverk kan startast

Regjeringa gjer det lettare å starte dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden.

Gasskraftverk Aukra

Det mobile gasskraftverket på Aukra.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Statnett vil auke beredskapen slik at gasskraftverka kan startast i løpet av nokre timar om situasjonen skulle tilseie det. Dette betyr at terskelen for å starte kraftverka er senka, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen.

Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Tor Inge Akselsen

Foto: NRK

- No kan dei takast i bruk i einskilde feiltilfelle. Der store område misser straumen kan ein koble inn eitt eller begge desse mobile gasskraftverka om det kan avhjelpe situasjonen, seier Akselsen.

Tøffe energikrav i Ap

Vanskege driftssituasjonar

Men Statnett har no også fått løyve til å bruke dei mobile gasskraftverka når det er mangel på straum. Dette er nytt i forhold til slik situasjonen var tidlegare.

- Vi får no bruke desse gasskraftverka i det vi kallar «anstrengte driftssituasjonar». Dette vil seie situasjonar der det er overhengande fare for mørkelegging av store område, seier Akselsen.

Lettere å starte de mobile gasskraftverkene

Frp foreslår nye regler for mobile gasskraftverk

- Rekordhøy pris er ikke nok

Startar på kort varsel

Dermed kan Statnett køyre i gang kraftverka i løpet av nokre få timar viss det oppstår vanskar med straumforsyninga. Konsesjonen som i dag er gitt er mellombels og varer ut mai. Sjølv om regjeringa no har delegert ein eventuell oppstart av gasskraftverka vil det framleis vere strenge krav før Statnett startar dei CO2-forureinande kraftverka.

- Dette er ei rein beredskapssak for å forhindre at privatbrukarar og næringslivet blir utan straum, seier Akselsen.

Kostbar produksjon

Langvarig kulde i vinter, kombinert med liten tilførsel av straum frå utlandet har ført til rekordhøge straumprisar den siste tida. Produksjonen ved dei to kraftverka er på til saman 300 mega watt. Dette er ein liten og kostbar produksjon og vil såleis ikkje ha innverknad på prisen, dersom leidningsnettet fungerer.

Vil redusere prisforskjelar

Statsråd Terje Riis-Johansen seier gasskraftverka og auka linjekapasitet frå Sverige er viktige for kraftsituasjonen i Midt-Noreg.

Terje Riis-Johansen

Terje Riis-Johansen.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Han vil også ha tiltak for å redusere dei store prisforskjellane på straum som har vore i Noreg i vinter. Bedrifter og forbrukarar i Midt-Noreg har har betalt langt høgare straumpris enn resten av landet.

- Det som har vore viktig for oss er å ha kortsiktige tiltak på plass slik at vi kan unngå ekstremprisar på straum, seierTerje Riis-Johansen til NRK.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL