Hopp til innhold

Mobile gasskraftverk kan bli flytta

Dei mobile gasskraftverka på Tjeldbergodden og Nyhamna kan bli leigde ut.

Det mobile gasskraftverket på Tjeldbergodden
Foto: Kjell Herskedal, Kjell Herskedal / SCANPIX

Kraftkrisa uteblitt

Statnett vurderer om dei kan leige ut dei mobile gasskraftverka på Tjeldbergodden og Aukra. Kraftsituasjonen er no så god i regionen at det er lite truleg at desse mobile gasskraftverka blir brukte i overskueleg framtid.

Den varsla kraftkrisa i Midt-Norge har så langt uteblitt etter regntunge år. Dessuten har vi fått ei finanskrise som gjer at kraftkrevjande industri - som Hydro Sunndal - bruker langt mindre straum enn før.
Kommunikasjonssjef i Statnett, Irene Meldal, trur ikkje på krafttkrise denne vinteren og at det blir behov for dei mobile gasskraftverka.

Får bygge gasskraftverk


Berre til bruk i krisetider

Dei mobile gasskraftverka på Tjeldbergodden og Aukra blei henta inn og plassert der i mer usikre tider. Dei forureinar mykje og skal berre brukest i krisesituasjon for å hindre at alt går i svart.

- Uhørt og forferdelig

Vil slippe ut CO2 hvert år

Irene Meldal

Irene Meldal er kommunikasjonssjef i Statnett.

Foto: Statnett

Dei er berre testkøyrd og ikkje tatt i bruk som kraftkjelde inn på nettet.
Men for Statnett er omsyn til forsyningstryggleiken det viktigaste og desse mobile gasskraftverka er viktige i den beredskapen om det skulle bli kraftkrise.

Nå utreder Statnett om det er mulig å leige ut gasskraftverk og tene pengar på dei, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Irene Meldal.

Gasskraftverket på Ormen lange-anlegget Nyhamna er det minst mobile av dei to og skulle det leigast ut ,er det helst frå ein sesong til ein annan.
Gasskraftverket på Tjeldbergodden er lettare å demontere og kan flyttas i løpet av veker.

Vil stoppe reservegasskraftverket

Større kraftmangel i 2015

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL