Hopp til innhold

Møbelindustrien makteslaus

- Møbelindustrien står makteslaus i økonomikrisa, seier rektor ved Markedshøyskolen.

Rektor ved Oslo Markedshøyskole, Trond Blindheim

Trond Blindheim

Foto: NRK

- Det er ikkje bedriftene sin feil. Det er den internasjonale økonomien det er skjedd noko med. Vi har å gjere med eit marknadsøkonomisk samanbrot, seier rektor Trond Blindheim.

- Bruk mindre pengar!

Sist veke måtte både Vad og Helland Møbler i Stordal redusere drifta. Måndag sende Hjellegjerde ut permitteringsvarsel til alle tilsette i Sykkylven. - Leiarane må gjere store endringar, seier Blindheim. - Iallfall må dei ikkje ta opp gjeld. Det er viktig å halde kostnader og investeringar på eit lågare nivå enn tidlegare.

- Verre blir det

Men Blindheim trur det blir verre i tida som kjem. - Denne realøkonomiske krisa er jo nettopp starta. Økonomar spår at ho ikkje gir seg før langt ut i 2010, kanskje ikkje før i 2011. Det er ille no, og verre blir det, seier han.

- Kva trur du om møbelindustrien på Sunnmøre om eit år?

Trond Blindheim tek ein liten pause før han svarar: - Ned 30 prosent?