Vad seier opp tilsette

Møbelbedrifta Vad i Stordal seier opp 18 og permitterer 25 tilsette. Ved Helland møbler blir det sagt opp tre tilsette.

Video nsps_upload_2009_2_19_19_49_42_707.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det er den vanskelege marknadssituasjonen som gjer at dei to bedriftene må kutte.

Møbelabrikken til Vad i Stordal har omlag 50 tilsette i dag medan Helland har 85 tilsette.

Trist

- Det kom ikkje uventa, men vi synest no det er trist, seier hovudtilltsvald for dei tilsette i Vad, Ragnhild Flåen til NRK Møre og Romsdal. Det er trasig, men vi får no trøyste oss med at vi ikkje er åleine, seier ho. Det er omlag 50 tilsette ved fabrikken til Vad i Stordal.

Beklageleg

- Det er sjølvsagt sterkt beklageleg det som skjer i møbelindustrien no, seier ordførar i Stordal, Charles Tøsse. Det har jo bakgrunn i den internasjonale økonomiske krisa, som også våre lokale bedrifter er ein del av, seier han. Vi vonar no at dei uluke tiltakspakkane i samband med krisa skal skape auka etterspurnad etter møblar, seier Tøsse.

Fornøgd etter gigantmesse

Optimisme og full produksjon

Ny aksjekapital

Hjellegjerde er reddet

Hjellegjerde kan få skattesmell

Hjellegjerde med kraftig underskudd

Lite hjelp for Ekornes

Fleire konkursar og nedleggingar

Ekornes kan hamne i retten

Får ikkje jobbar i Sykkylven

Vil ha møbeltiltak frå regjeringa

Ventar straum av arbeidsledige