Hopp til innhold

Møbelbedrift ramma av raset

Raset i Todalen i Surnadal får truleg store konsekvensar for møbelbedrifta Talgø.

Finn Talgø

Styreformann Finn Talgø i Talgø Invest fryktar for møbelbedrifta Talgø etter steinraset i Todalen.

Foto: Talgø Invest

Styreformann Finn Talgø i Talgø Invest seier situasjonen er vanskeleg.

– Eg tykkjer det er tragisk, men til alt hell og lukke så gjekk det ikkje menneskeliv, seier han.

Fryktar permitteringar

Det er verken straum eller veg i området der fabrikken ligg, og leiinga fryktar at dei i løpet av kort tid må permittere tilsette.

– Det vil gå utover Todalen og Rindalen, og då er det 60-70 stykke som vil få verknadane ganske raskt, seier Talgø.

På sikt kan fleire hundre Talgø-tilsette kan bli ramma av raset.

For dei tilsette både i Todalen og ved T-komponent i Rindal skulle etter planen starte opp igjen etter fellesferien måndag. Sjølv om straumen skulle kome raskt på plass, vil råvarene ifølgje Talgø ta slutt i løpet av få dagar.

– På kort sikt er det ikkje så vanskeleg, men vi kan ikkje stå utan råvarer i fleire veker, for då får vi problem, seier styreformannen.

– Treng veg og straum

Vegvesenet reknar med at det kan ta fleire veker før vegen kan opnast igjen. Dermed kan det bli svært vanskeleg med transport, og Talgø reknar med at mellom 400 og 500 tilse tte i alle ledd kan bli råka.

No satsar han alt på at vegen og straumen kjem tilbake.

– Eg håper jo det at geologane vil gi klarsignal til vegvesenet og Svorka slik at dei kjem inn i anlegget. Vi treng veg og straum, seier Talgø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL