Hopp til innhold

Moa blir største kjøpesenter i landet

Forretningsmannen Olav Thon står bak ei storstilt utbygging på Moa i Ålesund. Planane blei lagt fram på ein pressekonferanse i ettermiddag.

amfi4

Slik blir den nyaste delen av Moa ifølge presentasjonen frå Olav Thon Gruppen og Amfi.

Utbygginga på rundt 30 000 kvadratmeter startar allereie til hausten, på eit allereie regulert område, og resulterer altså i det største kjøpesenteret i landet.

Olav Thon Gruppen har tidlegare kjøpt eit område på Moa frå Stig Jacobsen, samt to eigedomar i Breivika. Dei høyrde til tidlegare Ekornes. Siste kjøp ligg mellom desse og var eigd av Steinar Lausund i Mostein.

Allereie er Olav Thon Gruppen tungt inne på Moa gjennom noverande kjøpesenter og Amfi. Olav Thon Eiendomsselskap ASA eig heile Amfi Eiendom AS, med over 70 kjøpesenter over heile landet. I tillegg er Thon Hotels ein del av kjerneverksemda.

Stor blir enda større

Moa

Kjøpesenteret på Moa blir enda større i løpet av eit par år.

Foto: Terje Reite / NRK

I dag har Amfi Moa ei omsetning som er tredje størst i landet. Størst omsetning har Sandvika storsenter i Bærum. Også Lagunen i Bergen har større omsetning enn Amfi Moa.

Det blir det ei endring på når om lag 30 000 kvadratmeter til blir utbygd på Moa. Ei utbetring og omlegging av vegar, parkering og anna infrastruktur er truleg eit vilkår. Eit møte med kommunen er difor og ein programpost når Olav Thon er i Ålesund i dag.

– Vi starta i si tid eit prosjekt som blei kalla 2020, no er det endra til Prosjekt 2018, seier utviklingsdirektør Torbjørn Torske.

Riv for å bygge nytt

Olav Thon på pressekonferanse

Olav Thon og Torbjørn Torske på pressekonferanse på Moa onsdag.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

På Moa Syd skal mellom anna Stokke-bygget bli rive for å gjere plass til nytt. Det blir bygd ei bru som knyt senterbygningane enno tettare saman. Vanlege forretningar blir supplert med mellom anna både leikeland og kinosenter.

Leikelandet blir over to etasjar, medan kinosenteret skal ha seks kinosalar.

Rivinga av delar av eksisterande bygg startar i sommar, før det blir starta grunnundersøkingar og arbeidet blir lyst ut på anbod. Planen er at både Nye Moa Syd og brua skal stå ferdig i løpet av i 2018.

Omsetninga blir på over tre milliardar kroner, og blir dermed det største i landet.

Nabo til Ikea

Amfi1

Også i Breivika blir det handelspark, viser presentansjonen frå Olav Thon Gruppen og Amfi.

Også i Breivika blir det utbygging. Her blir det bygd det Thon Gruppen kallar ein handelspark på om lag 20 000 kvadratmeter. Totalt dei to stadane blir det bygd for over ein milliard kroner.

– Håpet er at utbygginga i Breivika skal vere ferdig til Ikea er på plass for fullt, seier Olav Thon.

Han meiner at Ikea blir eit godt tilbod som fører til generell vekst i handelen både på Moa og i området.

– Sunnmøringen har ord på seg for å klare seg både i gode og dårlegare tider. Eg har difor tru på denne utbygginga i nettopp dette området, seier Thon.

Arbeidsplassar

Berre byggeperioden inneber minst 600 arbeidsplassar. Også når senteret står ferdig inneber det at mange for sin arbeidsplass i dette området. Totalt blir det nesten 2000 arbeidsplassar på Moa Amfi. Om lag 600 av desse blir nye faste arbeidsplassar, nokre på heiltid og nokre på deltid.