Mister lappen i to år

Ein mann busett på Sunnmøre mister lappen i to år for å ha køyrd bil medan han var påverka av alkohol. Mannen i slutten av 20-åra blei dømd for å ha køyrd ein lastebil med ni passasjerar, der sju sat usikra i varerommet, sjølv om bilen berre var registrert for to personar. Retten ser det som særleg alvorleg at mannen hadde ei promille på minst 1,67 under køyringa. Mannen får også ei fengselsstraff på 15 dagar, samt ei bot på 10.000 kroner.