Mistenkt for rusa køyring

Ein bilførar i 20-åra blei stoppa av politiet i Molde for kontroll. Mannen verka ifølgje politiet rusa og blir framstilt for blodprøve. Den mistenkte har heller ikkje førarkort og blir meldt for dette.