Hopp til innhold

Mistenker ulovleg dumping

Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy meiner det kan gå føre seg ulovleg dumping av avfall ved Øvre Bolgen Gård på Frei.

Rester av vamrvannstanker

Naturvernforbundet har sjølv dokumentert delar av det dei meiner er ulovleg avfall på Frei. Her er restane av ein varmtvannstank.

Foto: Naturvernforbundet

Naturvernforbundet har sjølv observert og motteke tips om dumping av bilvrak, asfaltrestar, isolerglas og varmtvannstankar.

Sjølv om Kristiansund kommune fekk sett opp ein bom som stenger for innfart, skjer det ifølgje Naturvernforbundet framleis dumping på området. Johan Fredrik Schmedling i miljøvernorganisasjonen trur det kan bli tøft å få sett ein stoppar for ulovlegheitene.

Bom avfallsdeponi

Kristiansund kommune har sett opp bom for å hindre tilgang til avfallsdeponiet, men utan effekt.

Foto: Naturvernforbundet

– Det vil bli vanskeleg, for den fyllinga som finst ved Øvre Bolgen Gård ser det ut det er fleire aktørar som dumpar avfall og kvitte seg med ting som vere problemavfall, seier Schmedling.

Dersom Naturvernforbundet har rett i mistanken sin, føyer dette siste tilfellet seg inn i ei rekkje av avvik i avfallsbransjen i byen den siste tida. Førre veke melde NRK Møre og Romsdal om Kristiansunds-bedrifta Vakuumentrepenøren AS som blir meldt for å ha dumpa ulovleg avfall i sjøen.

Fryktar naturskade

Naturvernforbundet fryktar store konsekvensar for miljøet, og ber Kristiansund kommune trå til for å få stengt av fyllinga.

– Vi oppfordrar kommunen til å få stengt deponiet permanent, slik at det ikkje vert mogleg å få dumpa noko meir der. Ein bør få ei oversikt på kva som har hamna i fyllinga og ta ei skikkeleg opprydding slik at vi ikkje risikerer at vi skadar våtområda.

Sjølv om Naturvernforbundet meiner Kristiansund kommune sat opp ein bom for å hindre dumping på området, meiner kommunen på si side at dei ikkje kjenner godt nok til saka.

– Vanskeleg å følgje med

Kart fylling

Område der Naturvernforbundet meiner det vert dumpa uloveleg avfall.

Foto: Naturvernforbundet

– Vi har dessverre ikkje noko kjennskap til den saka konkret, så det er vanskeleg for oss å seie noko konkret før vi har gjort litt undersøkingar og veit meir om kva det dreier seg om, seier miljørådgjevar Linn Stokke i Kristiansund kommune.

Stokke stiller seg derimot ikkje uforståande til det Naturvernforbundet hevdar.

– No er det mange underentreprenørar og byggefirma og mykje aktivitet i området. Det er derfor vanskeleg å følgje med kor ting vert dumpa hen, og folk dumpar ikkje berre på lovleg deponi lenger. Det kostar å kvitte seg med ulovleg avfall og det er dessverre altfor mange som tek snare løysingar, seier Stokke.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL