Hopp til innhold

Mistenker skrantesjuke i Møre og Romsdal

Mattilsynet har fått varsel frå Veterinærinstituttet om at ein hjort felt under jakt i Møre og Romsdal kan ha vore smitta av skrantesjuke.

Hjort

ILLUSTRASJONSBILDE: Hjorten var ei gammal kolle som ikkje hadde synlege symptom på sjukdommen. Bilete er ein illustrasjon.

Foto: Johan Ante Utsi / NRK

Dyret blei felt under ordinær jakt, som eit ledd i den nasjonale aksjonen for å bli kvitt den dødelege sjukdommen, opplyser Mattilsynet på nettsidene sine.

– Dette er urovekkande. Til no har vi berre funne smitta på villrein i Nordfjella og på elg i Trøndelag, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet.

– Det er for tidleg å seie noko om kva slags variant av skrantesjuke det dreier seg om, og kva konsekvensar eit eventuelt positivt prøvesvar får, seier Baalsrud.

Endelege prøveresultat er venta i veke 44.

Karen Johanne Baalsrud

KARTLEGG: Karen Johanne Baalsrud, direktør for planter og dyr i Mattilsynet seier at dei om eit strakstiltak trappar opp kartlegginga av hjortedyr i området hjorten blei skoten.

Foto: Mattilsynet

Ingen synlege symptom

Hjorten var ei gammal kolle som ikkje hadde synlege symptom på sjukdommen. Hjorten blei skutt i Gjemnes kommune.

Tidlegare i haust blei det påvist to nye tilfelle av skrantesjuke, og så langt i år er 13.780 dyr testa for skrantesjuke i Norge.

Mattilsynet samlar no inn skinn, skrott og slakterestar frå dyret for vidare analysar hos Veterinærinstituttet, skriv dei i ei pressemelding.

Reindsdyr

Vil få slutt på skrantesjuka

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) bestemte seg i mai for at 2.200 villrein i Nordfjella skulle bøte med livet i eit forsøk på å stanse skrantesjuka.

Pressekonferanse om jordbruksoppgjøret

Jon Georg Dale (Frp) er landbruks- og matminister og seier avgjerda om å avlive villrein var veldig vanskeleg.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Det er kanskje den vanskelegaste avgjerda eg har tatt som landbruksminister og eg er heilt sikker på at mange vil sette spørsmålsteikn ved den, sa Dale då.

30. oktober er den ordinære jakta på fellinga av dei 2200 villreinane i Nordfjella over og då vil det vera om lag 1600 dyr igjen. Då skal eit statleg jaktlag ta ut dei resterande.