NRK Meny
Normal

12 menn miste førarkortet på Sunnmøre

Politiet er overraska over at heile 12 menn heldt så høg fart under kontroll på Skodje og Ålesund onsdag kveld at dei vart fråtekne førarkortet. Den eine mannen hadde hatt førarkort i berre tre veker.

Fartskontroll

UP heldt fartskontroll på to ulike stader på Sunnmøre onsdag. (arkivfoto)

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll på to ulike stader på Sunnmøre onsdag kveld. På Stette vart ein mann i 20-åra fråteken førarkortet fordi han køyrde i 119 km/t i 80-sona.

Seinare på kvelden miste ytterlegare 11 menn førarkortet på Gåseidvik i Ålesund. Den yngste av dei hadde hatt lappen i berre tre veker. Ein anna ung mann på 19 år køyrde 144 km/t i 80-sona. Fleire av dei andre heldt ei fart på rundt 130 km/t.

– Dette er eit nedslåande resultat. Mange av dei er unge folk som har hatt førarkort i berre få år, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politidistrikt.

Amdam er overraska over at så mange vel å køyre altfor fort og ikkje tenkjer på trafikkreglar og tryggleik.

– Det er rett og slett trist. No blir dei heldigvis fotgjengarar og eg må seie at det har dei fortent, seier Amdam.

LES OGSÅ: