Miste gard og grunn i miniatyrskred i Tafjord

Dei to 11 år gamle venninnene miste gard og grunn då dei rekonstruerte eit stort skred i Tafjord på Sunnmøre onsdag. Ingen av dei hadde turt å bu i området om det faktisk gjekk eit skred.

Synne Breivik Leikanger t.v. og Adele Myklebust

Husa til Synne Breivik Leikanger t.v. og Adele Myiklebust blei tekne, då dei utløyste eit miniatyrskred i Tafjord onsdag.

Foto: Synnøve Hole
Synnøve Hole
Journalist

Det buldra og braka i det stein og lausmassar fauk nedetter fjellsida så røykskya steig onsdag ettermiddag. Og fleire av husa som klynga seg til jorda, blei sopte nedover og måtte gje tapt då det frykta skredet gjekk i Tafjord.

– Forferdeleg, oppsummerer Adele Myklebust (11) frå Ålesund i det røykskya legg seg.

– Blir du redd?

Adele Myklebust f.v. og Synne Breivik

11-åringane Adele Myklebust f.v. og Synne Breivik frå Ålesund samlar stein og grus til det neste store skredet dei skal lage i Tafjord.

Foto: Synnøve Hole

– Ikkje av dette, for dette er jo berre leiking, men eg hadde blitt redd av eit ekte, legg venninna Ingrid Lied Myrvoll (9) frå Sula til.

Oppgåva er å plassere ut hus der dei trur det var trygt å busetje seg i fjellsida under eit skredutsett fjellområde.

Les også:

Trur ikkje ho hadde fått sove

Husa er små som fyrstikkøskjer og skredet eigentleg berre nokre bøtter med sand og småstein.

Men 9-åringen har høyrt om Tafjord-ulykka i 1934, der 40 menneske miste livet, og også om dei store skreda som er venta frå Mannen, Åkneset og Hegguraksla i Møre og Romsdal.

Ingrid Lied Myrvoll

Ingrid Lied Myrvoll (9) frå Sula dreg i snora, og løyser dermed ut eit storskred frå fjellsida.

Foto: Synnøve Hole

Onsdag var ho og 25 andre born frå heile Sunnmøre på Kraft- og skredsenteret i Tafjord. Hadde ho budd i området, og fått beskjed om eit skred, ville livet sett annleis ut enn på sommarleir.

– Eg hadde sikkert vore redd av og til, og så hadde eg sikkert nokre gongar ikkje fått sove om nettene, legg ho til.

Vil få fleire unge på kroken

Silje Lødøen Fiksdal

Kursleiar Silje Lødøen Fiksdal frå Forskerfabrikken vil at ungane skal erfare at det er gøy med realfag, slik at fleire satsar på når dei skal studere.

Foto: Synnøve Hole

Det er Forskerfabrikken, i samarbeid med Kraft- og skredsenteret, turistforeininga i området og energiselskapet Tafjord som arrangerer sommarkurset, for andre år på rad.

– Målet vårt er at dei skal syns realfag er gøy, så når dei får halde på med dette og sjå korleis det virkar, er det midt i blinken, seier kursleiar Silje Lødøen Fiksdal (26) frå Forskerfabrikken.

Dei arrangerer sommarleirar der målet er å tenne fleire for naturvitenskap og teknologi.

Meiner skredet gir eit realistisk bilde

Benedicte Sakkestad ved Kraft- og skredsenteret

Benedicte Sakkestad er driftsansvarleg ved Kraft- og skredsenteret i Tafjord. Ho meiner skreda ungane får lage, viser korleis eit ekte skred kunne sjå ut.

Foto: Synnøve Hole

Driftsansvarleg Benedicte Sakkestad ved Kraft- og skredsenteret meiner skredet ungane får utløyse, gir eit realistisk bilde av dei kreftene som er i sving når det er alvor.

– Det er eigentleg ganske realistisk. Du kan ikkje forutsjå på førehand korleis ting vil gå, seier ho.

Lit på varsling i god tid

Etter å ha sett i gang fleire skred, og mist både gard og grunn opptil fleire gongar, er ikkje Ingrid Lied Myrvoll redd. Ho trur ikkje det kjem skred med det første, heller ikkje frå Åkneset, like ved sommarcampen.

– Nei, det kan jo vere om 100 år. Og så seier dei jo frå 78 timar før det skjer, seier ho.

Hus i fjellsida

Miniatyrhusa blir sopte av tuftene og ført nedover fjellsida når skredet kjem.

Foto: Synnøve Hole

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.