NRK Meny

Mistar lappen for alltid

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til fengsel i 75 dagar, med ei prøvetid på to år, etter å ha køyrd med i 1,9 i promille frå Ytre Søre Sunnmøre til Sunnfjord. Vilkåret for prøvetida er at han gjennomfører eit program mot rusa køyring. Mannen i 50-åra skal også ha gjort fleire farlege forbikøyringar i løpet av turen. Mannen er dømd for promillekøyring fleire gongar tidlegare, og mistar no føreretten for alltid. Han må også betale ei bot på 45.000.