Mistanke om ruskøyring

Ein mann i 20-åra har blitt tatt med inn for blodprøve etter mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Mannen blei stoppa i ein kontroll i Ålesund sentrum tidlegare i dag. Politiet fann også ei mindre mengde narkotika i bilen til mannen. Det fortel operasjonsleiar i politiet Tove Anita Asp.