Mistanke om promille

Ein bilførar som køyrde av vegen i Veddesvingen i Sula i natt, er mistenkt for å ha køyrt bil under påverknad av alkohol. Føraren, ei kvinne i 30-årsalderen, blei undersøkt av helsepersonell og fekk førarkortet inndratt.