Hopp til innhold

Mistanke om mishandling av sau

Ein veterinær behandlar no ein sau som skal ha fått skadar i hovudet i Sykkylven. Eigaren ringde til politiet søndag morgon, og melde om mishandling. Politiet veit ikkje kven som står bak.

Brunstad2

Den første meldinga gjekk ut på at skadane på sauen var meldt inn som mishandling, og at sauen truleg måtte avlivast.

Det ser ut som sauen klarer seg, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt klokka 10.15.

Gardbrukaren melde frå

Ein gardbrukar i Sykkylven melde søndag morgon frå til politiet at ein av sauene hans har fått store skadar i hovudet etter mishandling.

Ifølgje politiet var skadane så store at sauen truleg må avlivast.

Vi veit ikkje meir. Vi er no på staden og veterinæren har nettopp kome fram, sa operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt tidleg søndag morgon.

Har fått sårskadar

I ettertid seier ho at det no blir oppretta ei sak, men at sauen har fått sårskadar.

– Mistenkjer de at det har skjedd noko kriminelt?

– Det veit vi ikkje, vi får undersøkje og etterforskar saka på vanleg måte, seier ho.

Politiet fekk melding om skaden i 8.30-tida søndag morgon, men det er uvisst når bonden oppdaga det som hadde skjedd.

-

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL