Hopp til innhold

42 personar er sett i karantene etter at ein person testa positivt på hurtigtest

Ein arbeidar ved skipsverftet Vard Søviknes i Ålesund har fått påvist covid-19 på ein hurtigtest. 42 personar er no sett i karantene.

Vard Søviknes

VARD: Det er ved Vard sitt verft i Søvika at ein person har testa positivt på ein hurtigtest.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Arbeidaren som er smitta kom frå utlandet i januar, og ifølgje Ålesund kommune skal vedkommande ha vore i karantene og testa negativ på alle testar i karantenetida.

Med det så understrekar kommuneoverlegen at det dreier seg om innanlandssmitte. Vard starta umiddelbart med tiltak for å hindre vidare spreiing.

– Vi har sendt heim dei arbeidarane vi mistenker kan vere utsett for smitte. Kva for konsekvensar dette får for verftet kan vi ikkje seie noko om foreløpig, seier Arnt Inge Gjerde, verftsleiar ved Vard Søviknes.

Det er om lag 700 som arbeidar ved verftet i Søvika. Skipsverftet har no vaska og desinfisert områda arbeidaren har vore dei siste dagane.

Den mistenkte smitta er no flytta til ein av Vard sine brakkeriggar på Trohaugen i Vestnes kommune, der vedkommande skal vere i isolasjon.

– Vedkommande hadde symptom på koronaviruset, og vart dermed testa, seier Gjerde.

Starta smittesporing

Kommuneoverlegen i Ålesund og Vard samarbeider med å gjennomføre smittesporing og testing av nærkontaktar.

Det er førebels meldt om at 42 personar er sett i karantene som følgje av den positive hurtigtesten.

– Dette er berre foreløpige tal. Vi jobbar med å få oversikt, og desse tala er det siste vi har fått, seier kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad.

Smittekjelda til vedkommande er førebels ukjent. No ventar kommunen på svar på det som er kalla PCR-testen, som vil seie om det faktisk er smitte.

– Desse hurtigtestane er ikkje 100 % sikre, men vi jobbar ut ifrå at vedkommande faktisk er smitta, så får vi sjå kva PCR-testen viser, seier Mestad.

Vard Søvika

SKIPSVERFT: Det er foreløpig for tidleg å seie om dette får konsekvensar for den daglege drifta ved verftet.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Vard har fleire skipsverft der dei avhengig av arbeidskraft frå utlandet. Tidlegare har NRK fortalt om at verftet brukar mange millionar på smitteverntiltak, for å hindre smitteutbrot.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL