Hopp til innhold

Mista lappen etter denne forbikøyringa

Med dashkamera vart forbikøyringa i Barstadvika i Ørsta filma. Politiet ser svært alvorleg på saka.

Ein mann i 20-åra mista førarkortet etter denne forbikøyringa

Mannen som køyrde forbi vart fotgjengar etter at politiet fekk sett denne filmen.

Det var fredag at politiet fekk melding om den livsfarlege forbikøyringa i Ørsta. Eit vitne hadde filma hendinga med dashkameraet sitt i bilen og sende det til politiet.

– Forbikøyringa var kjempefarleg spør du meg. Det kjem ein bil imot og det kunne lett å blitt ei front-mot-front ulukke, seier politiadvokat Mathias Häber ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Bilføraren parkerte på same stad som vitnet og politiet rykte ut med ei patrulje. Mannen i 20-åra vart tatt med til avhøyr.

– Mannen erkjente at forbikøyringa var farleg, seier Häber. I tillegg til å miste førarkortet, fekk bilføraren eit førelegg på 6000 kroner som han vedtok.

Politiadvokaten seier at det hender seg at politiet får tilsendt slike filmar og at han er glad for det.

– Det lettar arbeidet veldig når videoen taler for seg. Det gjer det langt enklare å bevise kva som skjedde, seier Häber.