Mista førarkortet

Ein bilførar mista førarkortet under ein kontroll i ei 60-sone i Eide. Bilen vart målt til ein fart på 96 kilometer i timen. 11 andre bilførarar fekk forenkla førelegg for høg fart. Tre fekk forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon, medan fem fekk for manglande bilbelte.