Hopp til innhold

Mista alt

- Vi har tapt alt, vi må byrje på nytt.

Tatarevic Haris
Foto: Rune Hansen / NRK

Innbyggjarane i åtte av tolv husvære som blei skadd av brannen i Gjerdegata i Ålesund natt til torsdag står på bar bakke. Det er til saman 20 personar som har mista alt dei eigde.

Les også: Brann truleg påsett

20 huslause etter brann

Tatarevic Haris er bosnisk leigearbeider og oppvaksen i Sverige. Han fortel at dei fleste i bygården har mista alt.

- Alt eg har bygd opp på seks år her i Ålesund er gått tapt.

Kripos kjem til Ålesund i løpet av morgondagen for å bistå i den vidare etterforskinga.

Uforståleg

Brann i Gjerdegata
Foto: Ingunn Viken / NRK

Haris fortel at siuasjonen ikkje har gått skikkeleg opp for han enno.

Dei fleste i bygården er leigearbeidarar og har ikkje innbuforsikring.

- Vi har ikkje tenkt på slikt, mange er fortvilte. Vi veit ikkje kva vi skal gjere vidare no med mat, kle og tak over hovudet.

Utan forsikring

Haris sin bustad er øydelagt. Alt han eigde av kle og møblar er ubrukeleg.

Han trudde han hadde forsikring gjennom jobben, men har oppdaga at han ikkje er det.

- No ser eg at eg var dum som ikkje tok innbuforsikring.