Miss Universe Spania frå Ålesund

Natalie Ortega (20) frå Ålesund og Barcelona blei torsdag kåra til Miss Universe Spania 2019. Ortega har spansk far og norsk mor, og har vakse opp i Ålesund. I Ålesund starta ho modell-karrieren gjennom modellbyrået Cabal, som blir drive av Janne Halkjelsvik. Ortega mottok krona frå fjorårets vinnar Angela Ponce i Madrid torsdag kveld. Sist Spania vann den internasjonale Miss Universe-konkurransen var i 1974.