Denne veka er hurtigbåten "Romsdalsfjord" sett inn lenger nord i fylket på grunn av teknisk svikt på andre båtar.
Kapasiteten er difor redusert, og folk klagar over at informasjonen om erstatningsbåtar og avgangstider har vore mangelfull.
Ordførar Ronny Harald Blomvik i Sula er ikkje nøgd med måten Fjord1 MRF har behandla trafikkantane på denne veka. Han vil ta opp saka både med selskapet og med fylket, som har gitt selskapet konsesjon på denne ruta.
Administrerande direktør i Fjord1 MRF, Anker Grøvdal, seier at dei ikkje ønskjer å komme på kant med kundane sine, og lovar at selskapet i framtida skal gjere alt for å halde normal drift i dette sambandet.
HØYR BLOMVIK, GRØVDAL OG DAGLEG PENDLAR JORUNN HAVNEGJERDE INTERVJUA AV RAGNHILD OSNES OLSEN - bruk lydlenkja ovanfor.