Hopp til innhold

Misnøye i eldreomsorgen

Ei undersøking frå MMI viser at det er stor misnøye med tilbodet på sjukeheimane i kommunar med ordførarar frå Framstegspartiet. Det kjenner ikkje Frp sin ordførar i Vestnes, Knut Flølo seg att i.

Vestnes sjukeheim

Driftsleiar ved Vestnes sjukeheim, Greta Bjerke, tek seg gjerne tid til ein prat med bebuar Normann Bjørlo. Men ho skulle gjerne hatt tid til å sitte lenger hos bebuarane sine.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

- Sjølv om ei kommune har ein ordførar frå Frp, så vil det ikkje seie at det er Frp aleine som sit med makta. Ingen parti i fylket har reine fleirtal. Demokratiet fungerer slik at det skal vere fleirtal for å få gjennomført noko. Ergo må altså dei andre partia vere med på å bestemme. Det er ikkje berre opp til ordføraren, seier Flølo.

 

Ordførar i Vestnes, Knut Flølo (Frp).

Ordførar i Vestnes, Knut Flølo.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

 

Svært bra i Vestnes

Vestnes-ordføraren har altså ikkje tru på at det er på grunn av ordføraren at Frp-styrte kommunar har flest tilsette innan eldreomsorg som er misnøgde med tilboda i sjukeheimen. Og personleg meiner han at eldreomsorga i Vestnes er svært bra.

- Det er vel ikkje overraskande at ordførarane i sine respektive kommunar meiner at eldreomsorga er god. Sjølv meiner eg at omsorga i Vestnes er svært god, seier han.

Stort gap mellom ordførarar og tilsette

Ei undersøking MMI har gjort for fagtidsskrifta Sykepleien og Fagbladet viser at heile 92% av norske ordførarar er svært nøgd med korleis eldreomsorga er i sine kommunar. Medan berre 47 % av dei tilsette meiner det same. Driftsleiar ved Vestnes sjukeheim, Greta Bjerke, trur det store spriket viser at politikarane ikkje har nok kunnskap.

 - Mange gongar trur eg nok at ordførarar og politikarar generelt veit litt lite om kva som er den konkrete kvardagen i eldreomsorga.

- Eg hadde håpt at gapet hadde vore litt mindre. At politikarane hadde vist at dei forstår korleis det er for oss som jobbar innan eldreomsorga, og kjenner det på kroppen, seier Bjerke.

Driftsleiar, Vestnes sjukeheim, Greta Bjerke

Driftsleiar ved Vestnes sjukeheim, Greta Bjerke.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Ei av utfordringane er at dei som får sjukeheimsplass i dag er sjukare enn dei var før.

- No bur folk heime lenger, og det er veldig bra. Men når dei først kjem hit så treng dei meir pleie enn det som var vanleg før. Også dei som blir utskrivne frå sjukehus er dårlegare enn dei var før. Dei blir skrivne ut før enn det som var vanleg tidlegare. Men vi har den same bemanninga, difor blir det meir arbeid på like mange folk.

Treng fleire hender

Bebuar på Vestnes sjukeheim, Normann Bjørlo, er sjølv svært nøgd med den pleien han får, men han trur det er verre for dei som er sengeliggande.

- Eg har det eg treng, og er van med å vere aleine. Men eg oppfattar det slik at pleiarane her har mykje å gjere, og det kunne nok vore kjekt viss dei hadde litt betre tid til å prate.

Det kunne Greta Bjerke også ha tenkt seg.

- Vi føler ikkje alltid at vi strekk til. Vi skulle gjerne hatt meir tid til å snakke og til å finne på aktivitetar saman med bebuarane.

Også ordførar Knut Flølo innrømmer at dette med bemanning er ei utfordring.

- Eg har ikkje noko inntrykk av at det er spesielt gale i Vestnes kommune, men det er heilt klart noko vi kan bli betre på.