Hopp til innhold
Mishandling av sau Ålesund
Foto: Eirik Giske

Mishandling av sau

  • Kan ikkje konkludere

    Mattilsynet kan ikkje seie sikkert om sauen som blei funnen flytande i sjøen ved Hundsværholmen i Ålesund blei utsett for mishandling. – Obduksjonsrapporten er klar, men vi kan ikkje konkludere med om kuttskadane skuldast mishandling eller at sauen har hengt seg opp i noko. Det einaste vi veit sikkert er at sauen ikkje døde av drukning, seier Kristin Ness i Mattilsynet.

  • Ønskjer tips

    Politiet etterforskar framleis mishandlinga av ein daud villsau på Hundsværholmen i Ålesund. – Vi ønskjer tips dersom nokon har sett noko eller veit noko, seier politiinspektør Yngve Skovly til NRK.

  • Mistenker mishandling av sau

    Mattilsynet har teke imot ein daud villsau som dei mistenker har blitt mishandla. Sauen er ein av to som har beita på Hundsværholmen i Ålesund. Seksjonssjef Anne Stine Folldal Aam i Mattilsynet seier dei vil melde saka til politiet, i tillegg til å obdusere sauen. Det var eigarane som fann dyret drivande i sjøen laurdag.

    Mishandling av sau Ålesund
    Foto: Eirik Giske

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL