Hopp til innhold

Mishandla ektemannen med nettbrett

Ei kvinne i 60-åra frå Nordmøre er tiltalt for å ha banka mannen fleire gonger, skriv Tidens Krav. Blant anna skal kvinna ha slått han med eit nettbrett og ein peiskrok. Mishandlinga skal ha gått føre seg i 3-4 år og fram til mars i fjor. Saka kjem i retten 28. april.