Ein 41 åring frå Molde er dømt til fengsel i sju månader for å ha mishandla dei to borna sine.
Dei to borna er 13 og 14 år gamle, og kom til Noreg for å busetje seg saman med faren i 2001.
I følge dommen starta mishandlinga allereie då.
I 2004 rømde den eldste guten frå heimen. Dette førte til at mishandlinga av borna vart kjent og begge borna vart plassert i fosterheim.