NRK Meny

Misfornøgde med standarden

Berre sjukehuset i Østfold har mindre fornøgde pasientar enn Molde sjukhus når det kjem til standard. Det kjem fram av «Pasienterfaringer med norske sykehus i 2013», utarbeida av Nasjonalt kunnskapssenter, skriv Rbnett.no. På andre punkt som ventetid, informasjon, pasienttryggleik og så vidare, skårar Molde sjukehus likt med dei andre sjukehusa i undersøkinga.