NRK Meny
Normal

– Sjuke klarer ikkje å gå om bord i pasienttransporten

Solveig Sætre (73) på Leikong i Herøy har eit øydelagt kne. Når ho skal på kontroll til sjukehus greier ho ikkje å kome seg om bord i minibussen som vert brukt som transport.

73 år gamle Solveig Sætre er ikkje fornøgd med transporten ho får til sjukehus.

Solveig Sætre t.v og dottera Monica Sætre er ikkje fornøgd med pasienttransporten. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Køyrekontoret seier dei har fått ein del klager etter at ny ordning vart innført tidlegare i år, og samhandlingssjef Britt Valderhaug Tyrholm i Helse Møre og Romsdal seier dei er svært opptatt av å følgje opp alle klager som kjem inn til dei.

Britt Valderhaug Tyrholm

Britt Valderhaug Tyrholm

Foto: Helse Møre og Romsdal

Medisinsk grunngjeving

Lenes Pasientreiser som har ansvar for å frakte pasientar til og frå sjukehus seier det er opp til rekvirenten å avgjere kva transport den enkelte treng.

Både Solveig og dottera Monica Sætre meiner kneet til 73-åringen er så øydelagt med svekka muskulatur at ho ikkje fysisk er i stand til å kome seg inn i minibussen. Ho meiner ho heller burde ha ein personbil til pasienttransport.

Styreleiar i Lenes Pasientreiser, Per Holger Broch, seier til NRK at det som regel er ein lege som rekvirerer transport basert på ei medisinsk vurdering. Broch har stor forståing for at Sætre føler at ho ikkje får den hjelpa ho treng, og har i dette tilfellet tatt kontakt med rekvirenten for å sikre seg at transporten er god nok i framtida.

Per Holger Broch

Per Holger Broch i Lenes Pasientreiser

Foto: Privat

Broch vedgår at dei får ein del kjeft når dei er ute på oppdrag, men han meiner at det er feil å rette kritikken mot dei.

Dårleg oppleving

Solveig Sætre seier at ho har hatt kontakt med Lenes Pasientreiser på telefon og synest det har vore ei svært dårleg oppleving.

Til det seier Broch at styret i Lenes Pasientreiser no vurderer å få tatt opptak av alle telefonsamtalar som kjem inn til dei slik at dei er trygge på at kommunikasjonen som dei har med pasientane er fylt av respekt og tillit.

Sætre seier at dersom det hadde vore ei heis på minibussen så kunne det ha fungert. Ho har ikkje noko imot å reise med minibuss, men ho greier rett og slett ikkje å ta seg om bord på grunn av kneet som er øydelagt. Både ho og dottera, Monica, seier dei vil halde fram med å ta opp saka til forholda vert retta opp.