Minustal for Ulstein Group

Ulstein Group hadde ifjor eit ordinært resultat før skatt på minus 310,8 millionar kroner. Driftsresultatet var på minus 211 millionar og konsernet omsette for 1,89 milliard kroner.

I følgje ei pressemelding er årsaka til minusresultatet mellom anna svak utnytting av kapasiteten i delar av konsernet, store omstillingskostnader og tap på enkeltprosjekt.

Konsernsjef Gunvor Ulstein seier at det er ei forbetring på drifta for 2018 i forhold til 2017, men omstillingsprosessen har tatt lang tid og har vore svært krevjande.

–Vi har jobba hardt for å posisjonere oss i nye segment og meiner at dette arbeidet vil gi resultat over tid.

Gunvor Ulstein
Foto: Arne Flatin / NRK