Hopp til innhold

Minneutstilling for drepen son

I fjor sommar blei biletkunstnaren Thomas Haukebø frå Molde drepen. No arrangerer mor hans minneutstilling, på dagen då det er 33 år sidan Thomas Haukebø blei fødd.

Ingunn Haukebø med Thomas Haukebø-utstilling
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Mor til Thomas Haukebø, Ingunn Haukebø, har samla inn mange av kunstverka Thomas Haukebø har laga. Eit av bileta, som no heng i utstillingslokala, rakk Haukebø ikkje å bli ferdig med før han blei drepen. Dette var eit bilete han laga saman med den vesle dottera si. I dag står dette kunstverket som det sterkaste minnet etter biletkunstnaren Thomas Haukebø.

Thomas Haukebø bilete han laga saman med dotter si

Dette biletet, som Thomas Haukebø laga saman med dotter si, Selma, vart ikkje ferdig. Men Selma på 7 år har bestemt seg for å fullføre verket.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Thomas malte ansikt, og vesle Selma malte stjerner. Bamsen gjekk også att på fleire av bileta som far og dotter malte saman, fortel Ingunn Haukebø. Selma er no 7 år og har sagt at ho vil gjere kunstverket ferdig, fortel ho.

Thomas Haukebø drept i Fræna

Forsettleg drap

Stort sakn

Utstillinga blir arrangert på Galleri Mertz i Molde. Måndag var mor til Thomas Haukebø og tilsette ved galleriet i full gang med å montere utstillinga.

Thomas Haukebø

Kunstnaren Thomas Haukebø blei drepen i Fræna sommaren 2009.

Foto: Privat
Thomas Haukebø-bilete

Eit av dei mange Thomas Haukebø-bileta.

Foto: Roar Strøm / NRK
Thomas Haukebø utstilling

Stefan Roslund var ein av mange som kom med Haukebø-bileta sine.

Foto: Roar Strøm / NRK
Haukebø-bilete

Måndag var arbeidet i full gang med å børebu utstillinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Eg saknar han sånn, seier mor hans, Ingunn Haukebø. No har eg kronblad frå 33 roser og lagar eit hjarte. Talet 33 symboliserer at Thomas ville ha fylt 33 år i dag, sier Ingunn Haukebø.

Tiltalt for øksedrap

Bilete frå mange kantar

Medan NRK er i kunstlokala kjem mange eigarar av Haukebøkunsten til galleriet for å låne bort kunstverka sine. Svært mange i området eig kunstverk som Thomas Haukebø har laga.

- Det betyr veldig mykje å få lov til å vise kunsten til alle som ikkje har fått sett han, og få vise den gleden som Thomas har hatt i livet sitt. Han gav vekk mange bilete fordi han var glad i menneska og glad i dei som likte kunsten hans, seier Ingunn Haukebø.

- Levde for dagen

Fleire av dei som var innom med bilete i dag kjende Thomas Haukebø personleg. Dei hjelper meir enn gjerne til med å få arrangert denne utstillinga.

- Eg hugsar Thomas Haukebø som ein hyggeleg kar, som levde for dagen. Han var snill og roleg og ville ikkje gjere ei fluge fortred, seier Stefan Roslund, som var ven av Haukebø. Dette blir ei svært spesiell utstilling, seier Roslund. Den vekkjer mange tankar. Eg elska kunsten hans frå første gong eg såg eit bilete han hadde laga.

Det siste biletet

Det er fleire av bileta som i tillegg til si eiga historie får endå større betydning på grunn av den tragiske bortgangen til Thomas Haukebø. På utstillinga er ikkje berre det påbegynte biletet som han laga saman med dottera si. På utstillinga er også det siste biletet Haukebø laga. Biletet er heilt ferdig. Men det manglar signaturen. Den rakk ikkje Thomas Haukebø å legge på før han vart drepen.

- Det manglar berre signaturen. Og når eg ser på dette biletet tykkjer eg det er veldig spesielt, seier mor hans, Ingunn Haukebø. Han lever vidare i bileta sine. Heldigvis.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL