Hopp til innhold

- Ho var ein tøff debattant og kjempa for verdiane sine

Guro Vartdal Håvoll miste livet i terroråtaket på Utøya 22. juli. I dag skulle ho ha teke til att i tredje klasse på musikklina ved Volda vidaregåande skule. Skuleåret opna med ei gripande minnestund.

Video Skulestart Volda

VIDEO: Elevane var samla i idrettshallen i samband med minnestunda og opninga av skuleåret. Det blei tent lys for å markere minnet etter Guro Håvoll Vartdal som miste livet på Utøya 22. juli.

Det vart ein heilt spesiell start på skuleåret ved Volda vidaregåande skule i dag. Ein av elevane som skulle ha møtt klassekameratane sine var der ikkje. Guro Vardal Håvoll hadde gjennomført dei to første åra ved musikklina.

Rektor Trond Hjelseth opna skuleåret, ved å streke under at opninga skjedde med både djup sorg og glede.

Rektor Trond Hjelseth

Rektor ved Volda vidaregåande skule, Trond Hjelseth.

Foto: Frode Berg / NRK

Minnestund Volda vidaregåande skule

Skuleåret ved Volda vidaregåande skule opna med minnestund for Guro Vartdal Håvoll.

Foto: Frode Berg / NRK
Minnestund Guro Håvoll Vartdal

Fleire elevar deltok med kulturinnslag under minnestunda.

Foto: Frode Berg / NRK
– Det er både med stor glede og med stor sorg vi samlast i dag. Det er ei glede å treffe elevane, særleg dei som kjem her som førsteklassingar. Men vi møtes i stor sorg. Ein av dei som skulle ha møtt i dag er ikkje blant oss lenger, sa Trond Hjelseth.

Volda vidaregåande skule har 500 elevar. Seks av elevane var på Utøya under massakren.

– Guro Vartdal Håvoll får ikkje gå saman med oss lenger. Guro sin død var ein tragedie i seg sjølv. Det som hende på Utøya er ein nasjonal tragedie. Det er vanskeleg å fatte det som har skjedd, sa Hjelseth.

Rektor Trond Hjelset skildra Guro Vartdal Håvoll som ein aktiv og engasjert elev.

– Ho handla i tråd med det ho tenkte. Ho slåst for verdiane ho hadde kjær. Ho var ein tøff debattant. No er det vår tur til å heidre Guro sitt minne, sa rektor Trond Hjelseth.

Etter opninga hadde elevane og dei tilsette ved Volda vidaregåande skule eitt minutts stille. Dei tende lys for å markere minnet etter Guro Håvoll Vartdal. Fleire medelevar deltok i minnesamlinga med kulturinnslag.

– Guro likte å lese. Og ho leste mykje om Mahatma Gandhi. Ho brukte ofte eit sitat frå Ghandi, fortalde rektor Trond Hjelseth, og avslutta minnestunda med dette sitatet: – Ver den endringa du ønskjer å sjå i verda.