NRK Meny
Normal

Samlast i sorg etter den tragiske skredulukka

ÅLVUNDEID (NRK): Pårørande og folk i bygda samla seg onsdag kveld til minnegudsteneste etter ulukka som kravde fire menneskeliv i Sunndalsfjella.

Jan Fredrik Laskerud

Prest Jan Fredrik Laskerud i Ålvundeid kyrkje like før minnegudstenesta for dei fire omkomne mennene i skredulukka i Sunndalsfjella.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Leif Endre Grutle

Prost Leif Endre Grutle i Ålvundeid kyrkje onsdag kveld.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Dette blir først og fremst ei anledning for alle som føler seg råka av det tragiske som har skjedd, seier prost Leif Endre Grutle.

I Ålvundeid kyrkje samlast pårørande, folk i bygda og fleire andre etter skredulukka som tok fire menneskeliv denne veka.

I kyrkja samla folk seg for å minnast dei fire mennene, tenne lys og dele sorga.

Det fire omkomne var:

  • Ola Inge Drøpping (27) frå Ålvundfjord i Sunndal kommune
  • Yngve Dalquist (37) frå Trondheim
  • Øyvind Slørdahl (36) busett i Oslo, opphavleg frå Trondheim
  • Ole Simensen (28) frå Os i Hedmark

Dei fire var på skitur ved den 1.552 meter høge fjelltoppen Litlskjorta i Sunndalsfjella då dei blei meldt sakna måndag ettermiddag. Det var dei fire sine to turkameratar, som hadde forlate fjellet tidlegare, som melde dei sakna.

Saka held fram under bildet.

Ulukkesområdet

I dette området i Sunndalsfjella skjedde ulukka.

Foto: Grafikk: Hans-Olav Rise / Google Earth/NRK/montasje
Ålvundeid kyrkje

I Ålvundeid kyrkje samla folk seg klokka 20.00 onsdag kveld.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Profesjonell hjelp til stades

Dei fire blei funne omkomne i Kannsdalen mellom fjella Litlskjorta og Glennfjellet onsdag. Om formiddagen blei dei henta ut.

– Sånne hendingar sett i gang veldig store kjensler. Sjokk, vantru, sorg og fortviling, seier prost Grutle til NRK.

Han meiner det no er viktig å møte kvar enkelt si sorg.

– For kvar sorg er individuell. I ei fellessamling blir det anledning til å vere saman, der den enkelte kan setje ord på det ein føler.

– Og kanskje finne starten på ei trøst gjennom det, avsluttar Leif Endre Grutle.

I Ålvundeid kyrkje har både kyrkja og det kommunale beredskapsarbeidet folk til stades dersom nokon ønskjer å prate med profesjonelle, informerer prosten.

Prest Leif Endre Grutle i Indre Nordmøre prosti meiner ein må møte kvar enkelt og deira sorg. Det er minnestund i Ålvundeid kyrkje onsdag kveld etter at fire menn mista livet i ei skredulukke i Sunndalsfjella.