– Ein heider til dei som søkte ekstreme utfordringar

19 menneske har mista livet i Trollveggen sidan 1966. 10 har døydd i klatreulukker. 9 mista livet i basehoppulukker. I dag fekk dei sitt minnesmerke.

19 menneske har mista livet i Trollveggen sidan 1966. 10 har døydd i klatreulukker. 9 mista livet i basehoppulukker. No får dei sitt minnesmerke.

Basehopperen Tom Erik Heimen var med under minnessermonien over de som har mistet livet i Trollveggen.

Trollveggen er høg, stupbratt og forlokkande. Turistar vandrar hit i hopetal for å sjå den bratte fjellveggen. Men for mange er det ikkje nok å sjå det bratte fjellet. Klatrarane vil opp og hopparane vil ned.

Fram til 1965 blei Trollveggen sett på som umogleg å innta for menneske. Men dette året forserte to klatrelag veggen for fyrste gong. Og året etter kom den fyrste klatreulukka. Den norske fjellklatraren Tor Kleppen har namnet sitt øvst på minnesteinen.

Avduking minnesmerke

Reiselivssjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke sto for avdukinga av minnesmerket.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dette skal vere ein god stad å kome til for dei pårørande, seier Svein Kroken ved Trollveggen besøkssenter til NRK.

Tom Erik Heimen er ein av dei mest kjende basehopparane i Noreg. I dag kom han luftvegen for å heidre kompisane som har mista livet i basehoppulukker ved Trollveggen. Han kjende fleire av dei som har namnet sitt på minnesteinen personleg.

Eigentleg las eg om denne avdukinga i avisa, og var i Romsdalen på trening. Men det er rett at eg kom hit til arrangementet direkte ved eit hopp frå Romsdalshorn, fortel han til NRK.

Heimen rosar initiativtakarane, og fortel at seremonien i dag var både fin og verdig.

Dette var ein fin gest og ein fin ting å gjere overfor dei som har mista livet her, og overfor dei pårørande, seier han.

Han legg også vekt på at både klatrarar og hopparar har vore med på å gjere dette området til eit internasjonalt namn i reiselivssamanheng.

Hopparar og klatrarar har gjort området til ein turistmagnet, seier Heimen.

Men mest av alt legg han vekt på heideren hopparane får gjennom dette minnesmerket.

Dette er ein heider til dei som søkte utfordringar som ikkje andre søkte, seier han.

Minnesmerke Trollveggen

Minnesmerket står ved Trollveggen besøkssenter i Romsdalen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Til minne om de omkomne i Trollveggen/Trolltindane, står det øvst på minnesteinen. Kvart einaste av dei 19 namna har fått plass. Øvst står klatrarane, så basehopparane.

Den første basehopparen som miste livet i Trollveggen, var amerikanske Carl Boenish. Mange ser på han som skaparen av moderne basehopping. Dødshoppet skjedde under filmopptak for det amerikanske TV-showet That's Incredible.

Det er familien Kroken i Rauma som eig Trollveggen besøkssenter. Dei har også stått i bresjen for å få sett opp minnesmerket.

Minnesmerket er ein del av historia om Trollveggen. Både bragdene, blod, sveitte tårer, redningane og også dødsfalla er ein del av historia. No reiser vi eit minnesmerke, slik at både etterlatne og andre kan ta del i historia som Trollveggen representerer, seier eigar av besøkksenteret, Svein Kroken til NRK.