Hopp til innhold

Markeringar fleire stadar

For å markere at det er fem år sidan dei grufulle terrorhandlingane i Oslo og på Utøya blei det i dag halde minnemarkeringar fleire stadar i fylket.

22. juli-markering Spjelkavik kyrkje

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, talte under markeringa ved Spjelkavik kyrkje.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I dag er det fem år sidan terroråtaka på Utøya og i regjeringskvartalet, der tre menneske frå Møre og Romsdal blei drepne.

Minnemarkering Ørsta

Fleire la ned blomster i Ørsta fredag formiddag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Guro Vartdal Håvoll frå Ørsta og Sverre Bjørkavåg frå Sula blei drepne på Utøya, medan Jon Vegard Lervåg frå Ålesund, som jobba i Justisdepartementet, blei drepen under bombeangrepet mot regjeringskvartalet.

Desse tre, og alle dei andre offera etter 22. juli, blir i dag minna under ulike markeringar rundt omkring i landet. I heimkommunane til dei tre, Ørsta, Sula og Ålesund, blir det også eigne markeringar der det blir lagt ned kransar frå støttegruppa i Møre og Romsdal.

Ålesund

Minnemarkering Ørsta

Minnesmerke til minne om Guro Vartdal Håvoll frå Ørsta.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

I Ålesund blei det heldt ei stemningsfull minnestund ved Spjelkavik kyrkje klokka 14.00 fredag. Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, var til stades og heldt ein tale for forsamlinga.

Representantar frå AUF var også på markeringa og la ned blomar ved minnesteinen i Spjelkavik.

Jon Vegard Lervåg frå Ålesund mista livet i regjeringskvartalet den grufulle dagen, og i dag blei minnet hans hedra med musikk og fine ord i heimbyen.

Sula

Minnemarkering for 22. juli Sula kommune

Mange la ned kranser ved minnesmerket i Sula kommune.

Foto: Jannicke Farstad/NRK

På Sula starta markeringa klokka 17.00 ved Bautaen ved Indre Sula kyrkje. Markeringa skjedde i regi av Sula kommune og alle var velkomne til å delta.

Sverre Bjørkavåg frå Sula var ein av dei 69 menneskjene som vart drepen på Utøya 22. juli for fem år sidan.

Kristiansund

Berit Tønnesen

Berit Tønnesen (Ap) la ned blomster på minnemarkeringa i Kristiansund i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mange frå Kristiansund var på Utøya 22. juli 2011. Fredag klokka 11.30 vart det arrangert ei minnemarkering ved Vanndamman i nordmørsbyen.

Fleire møtte opp for å legge ned blomar ved minnesmerket ved Vanndamman. Fungerande ordførar Ragnhild Helseth i byen og Berit Tønnesen frå Arbeidarpartiet var blant dei frammøtte. Til stades var også representantar frå Støttegruppa i Møre og Romsdal og Magnus Brattøy Gundersen, som er leiar av AUF.

Mange ungdommar frå Kristiansund var til stades på Utøya i 2011, men heldigvis kom alle bort derifrå med livet i behald.

Domkyrkja i Molde

22. juli-markering Domkirka, Molde

Markering i Domkirka i Molde.

Foto: Roar Strøm/NRK

Det var også ei minnemarkering i Molde Domkyrkje fredag ettermiddag. Den blei arrangert som eit samarbeid mellom Fylkesmannen, Biskopen i Møre, Molde Jazzfestival og støttegruppa for pårørande i fylket.

Kyrkja var open for alle og markeringa gjekk føre seg frå klokka 15.00-17.00. I kyrkja blei det musikk og talar frå fylkesmannen og biskopen.

– Det blir ein sekvens på ca. ein halvtime som vi vil gjenta fleire gonger. Det blir også rom for å sitte i det stille og tenke på det som skjedde for fem år sidan, sa fylkesmann Lodve Solholm tidlegare fredag.

Han forventar at det blir ein dag med mykje kjensler.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm deltek på markeringa i Molde domkyrkje i dag.

Foto: FYLKESMANNEN

– Det var ein frykteleg dag for oss alle, sjølvsagt mest for dei pårørande som mista sine. Det er ein dag vi aldri gløymer. Eg veit at det kjem til å bli ein del sterke kjensler i kyrkja i dag, seier Solholm.

Fylkesmannen hugsar godt dagen for fem år sidan, og beskriv hendinga som uverkeleg.

– Eg synest det er trist at Norge har opplevd eit slik angrep mot nasjonen og det politiske systemet, og ikkje minst at så mange unge menneske mista livet. Det var fin politisk ungdom som hadde lyst å vere med å drive landet i framtida, seier han.