Hopp til innhold

Minnedag i Molde for dei som omkom

Det var ei stemningsfull gudsteneste i Molde domkyrkje i dag til minne om dei omkomne 22. juli i fjor.

Molde domkirke

I dag var det minnegudsteneste i Molde domkyrkje.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Middtømme prata om tru, håp og kjærleik under minnegudstenesta i Molde domkyrkje.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

– Det vart en sterk dag og eg må innrømme at eg felte nokon tårer ved frukostbordet. Eg har identifisert meg med dei som sendte ungdomane sine av garde og ikkje fekk dei tilbake att, seier biskop i Møre, Ingeborg Midttømme.

Håp og kjærleik

Eitt år etter terroråtaka var det minnegudsteneste i Molde domkyrkje. Mange hadde tatt turen dit og det vart ei heilt spesiell gudsteneste, med lys, håp og kjærleik som tema.

«Vi har som nasjon og enkeltmenneske erfart at det er i mørket det er lettast å sjå lyset. Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det.» Hald fast på det, sa biskopen under preika.

LES OGSÅ:

Sterk oppleving

Fleire representantar frå Arbeiderpartiet var til stade under gudstenesta. Distriktssekretær Rune Opstad synest det var ekstra sterkt å vere i kyrkja i dag.

– Det er var ei vakker og verdig minnegudsteneste. Vi har med oss dei som døydde og dei som overlevde kvar einaste dag, men på eittårsdagen kjenner vi det ekstra sterkt, seier Opstad.

Dåpsbarn

Molde domkirke

Jan Helge Rambøl og Kirsti Kvernsveen døypte Dina Marie i dag.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Det var også fire dåpsbarn i kyrkja. Eit av foreldrepara var Jan Helge Rambjør og Kirsti Kvernsveen. Dei døypte 11 månader gamle Dina Marie.

– Det er godt å gi denne dagen eit anna innhald. Det markerer ein ny start og eit håp for framtida, seier Rambjør.