Minkfôrfabrikken får ny tomt

Lukta som jagar resturantgjestar frå borda og får turistane i gjestehamna til å kaste loss, skal vekk frå Kristiansund sentrum.

Midt-Norsk Fôr

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, har vorte einig med Harald Birkeland og Midt-Norsk Fôr om å flytte verksemda deira frå Vågen i Kristiansund. Lukta som siv ut av minkforfabrikken i Kristiansund sentrum har skremt vekk både restaurantgjestar og båtgjestar. No vil Kristiansund kommune ta over bygget, og bedrifta skal flytte til fiskeribasen på Steistholmen Industripark.

Foto: Roar Halten / NRK

Midt mellom gjestehamna i Kristiansund og gamle trebygg, som blant anna husar ein fiskerestaurant, ligg det ein fabrikk som lagar minkfôr.

Sol og varme brukar å vere uteserveringa sin beste venn, men då kjem også stanka frå naboen minkfôrfabrikken og øydelegg kosen.

Stank skremmer vekk restaurantgjestar

Lukta har vore så ille at den har skremt vekk gjestane på Smia fiskerestaurant, som er ein av dei næraste naboane til fabrikken.

Ingvald Rønningshaug

Kvar sommar kjem lukta frå minkfôrfabrikken sivande til Smia fiskerestaurant og skremer vekk gjestane til Ingvald Rønningshaug.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Minkforfabrikk

Minkforfabrikken til Midt-Norsk Fôr BA ligg midt mellom gjestehamna i Kristiansund og gamle trebygg som husar restaurantar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
– Det er så ille at vi opplever at gjestar har bestilt mat, så kjem lukta, og dei har ghått frå både bord og rekning, sa restaurantsjef Ingvald Rønningshaug då NRK møtte han for tre år sidan.

Då håpa han på ei snarleg betring av situasjonen.

Bedrifta sjølv, Midt-Norsk Fôr, har også innsett at plasseringa av fabrikken er eit problem, men har ikkje vorte einige med kommunen om kvar dei skal flytte.

Sjølv om betringa ikkje kom så raskt, så er det i alle fall håp om at den kjem no.

Skal vere ute innan tre år

Sju år etter at arbeidet med å løyse problemet byrja, kunne nemleg Kristiansund kommune og Midt-Norsk Fôr saman invitere til pressekonferanse i dag.

– Eg kjenner eg tek litt av no, sa ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen (Ap), då han opna pressekonferansen klokka 11.00 i dag.

– Dette er ei sak vi har jobba med å finne ei løysing på i mange år.

Og løysinga er: Fabrikken til Midt-Norsk Fôr skal flytte til fiskeribasen til Teistholmen Idustripark på Bentneset.

Kommunen tek over fabrikkbygget i Vågen, og Midt-Norsk Fôr skal vere ute av bygget innan tre år.

Fiskeslam

Fisken frå Midt-Norsk Fôr BA er grunnen til at folk held seg for nasen når dei er i nabolaget.

– Vi har følt eit press frå folk i Kristiansund

Dagleg leiar Harald Birkeland seier at han har følt eit visst press frå folk i Kristiansund om å flytte fabrikken.

– Vi har ikkje vore heilt fornøgde med dei avtalane komunnen har presentert tidlegare, men no var tida inne til å flytte på seg, seier Harald Birkeland, som er dagleg leiar i Midt-Norsk Fôr.

Kristiansundsørdførar Per Kristian Øyen (Ap) legg vekt på at det aldri har vore kommunen sitt ønskje å legge ned arbeidsplassane ved fabrikken, men seier at det å få flytta fabrikken er noko av det viktigaste som har skjedd i Vågen på mange år.

– Det har teke tid, men endeleg ser det ut til at vi har ein avtale på plass. Dersom det skal skje ei vidare utvikling av Vågen, og det ønskjer mange, så er ein av føresetnadane å flytte fabrikken.

No skal saka opp i bystyret og næringsutvalet i Kristiansund.

– Eg håper og forventar at Kristiansund kommune seier ja til denne avtalen, seier Øyen.