NRK Meny

Mindre rømd laks

Etter 10 år med Nasjonale laksefjordar og laksevassdrag viser evalueringar at der er mindre rømd oppdrettslaks og mindre krysning av oppdrettslaks og villaks. I Møre og Romsdal har Ørstafjorden, Romsdalsfjorden, Sunndalsfjorden og Halsafjorden status som Nasjonale laksefjordar med tiltak for å beskytte villaksen. Seniorforskar i NINA, Peder Fiske, seier ordninga med nasjonale laksefjordar har hatt positiv effekt for villaksen, særleg i dei store fjordane med stor avstand til oppdrettsanlegg.