Hopp til innhold

Mindre kø enn venta

Ferjetrafikken mellom Halsa og Kanestraum har gått mykje betre enn venta no i ettermiddag. Vegtrafikk- sentralen i Midt-Noreg åtvara i går og i dag om at reisande kunne vente køar på ferjestrekninga mellom klokka 14 og 19 i dag fordi Shell Cup blir arrangert i Kristiansund i helga. Rundt 2000 handballspelarar skal delta i cupen. – Men det har mest ikkje vore attståande bilar i det heile, sjølv om trafikken har vore stor, seier skipper Kolbjørn Betten om bord på bilferja Rauma. Ved 18-tida er det god plass på ferja, seier Betten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL