Mindre bevegelsar ved Veslemannen

Gustav Pless, geolog i NVE, seier at bevegelsane ved Veslemannen har minka i løpet av natta. – Men så har det skutt litt fart igjen på morgonen, så vi må vente å sjå kva som skjer før vi kan vurdere å justere ned farenivået, seier han.