Hopp til innhold

Millionunderskot i Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal fekk eit underskot på 111,4 millionar kroner i mai. Dette er over hundre millionar kroner dårlegare enn budsjettert.

I ein rapport som skal presenterast for styret i neste veke framgår det at aktivitetar som skulle skape inntekter har gått kraftig ned i samband med innføringa av Helseplattforma.

Helseføretaket reknar no med at underskotet ved komande årsskifte endar på 400 millionar kroner. Det er 370 millionar kroner dårlegare enn budsjettert.

Drifta har vore sterkt prega av aktivitetar knytt til Helseplattforma, skriv direktøren i rapporten. Mai var første heile månad der Helseplattforma var i bruk ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Den økonomiske utviklinga i helseføretaket har gått jamt nedover dei siste månadene. (Illustrasjonen).

Økonomisk utvikling Helse Møre og Romsdal
Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal