Hopp til innhold

Statlig millionstøtte til Romsdalsmuseet

Romsdalsmuseet får tilsegn på 48,5 millionar kroner i regjeringa sitt budsjettforslag.

Regjeringen gir millionstøtte til Romsdalsmuseet

Her kan du sjå korleis det kan gjerast når ein skal drysse budsjettmillionar over prosjekt.

I regjeringa sitt nye forslag til statsbudsjett, går det fram at Romsdalmuseet i Molde får pengar til nybygg.

Prosjektet er kostnadsrekna til vel 170 millionar kroner, og I alt vert det gjeve tilsegn på 48,5 millionar kronar. Den fyrste løyvinga på 4 millionar kjem no i 2013.

Får pengar

– Eg opplever dette som ein gledas dag, seier stortingsrepresentant Else May Botten frå Arbeidarpartiet:

– Dei tilsette ved Romsdalsmuseet har jobba kjempehardt, og eg ha

r heile tida hatt trua på prosjektet. Dette er ei sak eg har jobba for å få inn i statsbudsjettet, og derfor er eg utruleg glad for å ha fått alt på plass, seier ho.

Tøff prosess

– Har det vore en tøff prosess å få det på plass?

– Ja, det har det. Når en skal ha med alle omliggande kommunar og fylkeskommunen så er det mange møter og papir en skal få skrevet og signert. Det har vore ein lang veg til dit vi er i dag.

Botten seier ho særleg vil rose museumsdirektør Jarle Sanden, som har stått i front.

– No er eg kjempespent på kva som skjer framover. Nå har vi moglegheit til å få alt på plass allereie i 2015 ferdigbygd, så det blir bra.

"Kronen på verket" utkast til Romsdalsmuseets nybygg

Her kan du sjå eit utkast til Romsdalsmuseet sitt nybygg, med namn 'Kronen på verket'.

Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter

Skattar frå siste hundre år

Museumsdirektør Sanden er sjølv i sjuande himmel når NRK ringer.

– Arbeidet med å få realisert det nye Romsdalsmuseet er ein draum og ein visjon som endeleg vert verkelegheit, etter iherdig innsats over l

engre tid. No har vi fått både tillit og pengar til prosjektet, og det gjer meg svært glad, seier Sanden.

– Kva kan folk vente seg?

– Vi går frå å vere eit klassisk folkemuseum som er ope halve året, til å verte eit utstillingsbygg med eit heilt nytt tilbod til folk flest. Vi kjem til å få nye oppholdsrom, med masse nye utstillinger og bedre sørvis på alle plan.

Direktøren forteller også at dei endeleg får plass til å vise fram alt godset dei har samla inn gjennom hundre år.

– Vi skal endeleg få vise at vi er Romsdalen sitt skattekammer, og det er ei skam at vi ikkje har fått mulegheit til å stille ut samlinga før no.

Byggjestart vil vere i 2013, og det nye museet vil stå ferdig i 2015.

Romsdalsmuseet

F.v. Torbjørn Myhre, museumsdirektør Jarle Sanden, stortingsrepresentant Else May Botten, Anniken Huitfeldt, leiar Sissel Rykkhus i Molde-AP og Anders Talleraas.