Kor mykje God Invest må betale blir ikkje klart før tvangssalet av Viking Polaris er gjennomført.
Men bustyrar Inger-Marie Sperre stadfestar at selskapet truleg kjem til å møte millionkrav.
Viking Polaris er eit av dotterselskapa til God Invest ASA. Det skulle drive med shipping og turistbåttrafikk, men hadde økonomiske problem heilt frå starten. Tidlegare dagleg leiar Ånen Nilsen, må møte i retten i mai tiltalt for underslag. I tillegg førte ei grunnstøting Viking Polaris hadde utanfor Grønland hausten 2002 til ytterlegare økonomiske problem. I dag har kreditorar uteståande over 27 millionar kroner. Den største kreditoren er banken Nordea med eit krav på nær 20 millionar kroner.
Må ut med mellomlegget
Den største kreditoren er banken Nordea med eit krav på nær 20 millionar kroner. Den einaste verdien i selskapet er båten Viking Polaris. Det meste ein kan håpe å få inn gjennom sal av denne er taksten på 13 millionar, og sjølv det kan vise seg å vere veldig optimistisk. God Invest har garantert for lån på til saman 9,2 millionar kroner til Viking Polaris. Kor mykje av desse pengane God Invest må legge på bordet til banken er avhengig av salssummen på båten, men det skal bli tøft for God Invest å unngå konkurs etter dette.
Styreleiar Agnar Dag Ulstein i God Invest ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.