Familien flytta til Sandefjord i 2002, men Sykkylven mottok pengar frå Staten, sjølv om Sandefjord satt igjen med kostnadene, skriv Sandefjords Blad.
Store kostnader
Dei to millionane som Sykkylven har fått har Sandefjord krav på, meiner kommuneadvokaten i Sandefjord, Ivar Otto Myhre. Han seier familien med fem sterkt funksjonshemma kostar Sandefjord totalt mellom fem og seks millionar kroner på årsbasis.
– Flytta ikkje frivilleg
Dersom Sandefjord ikkje får støtte i kravet sitt om refusjon av to millionar kroner, er det mogleg at dei går til sak og krev ei erstatning som er høgare enn dei to millionane. Bakgrunnen for eit eventuelt søksmål mot Sykkylven kommune vil vere at dei har gått fram på ein kritikkverdig måte i saka, seier Myhre. Kommuneadvokaten seier at dei har opplysningar som tyder på at familien ikkje har flytta frå Sykkylven frivillig.
Trekkjer ut
Om det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal eller Fylkesmannen i Vestfold som skal behandle saka har også vore gjenstand for strid. Den diskusjonen har ført til at saka har trekt i langdrag. Ivar Otto Myhre er kritisk til at det har teke så lang tid å avklare dette spørsmålet.
Sykkylven avviser
Rådmann i Sykkylven, Erling Solsletten, er krystallklar. Han seier kravet frå Sandefjord kommune på to millionar kronmer blir avvist fordi dei ikkje har grunnlag for kravet.
Til påstanden frå Sandefjord om at familien ikkje flytta frivilleg og at Sykkylven kommune medverka til at dei flytta er Solsletten også klar.
– Nei, vi har ikkje medverka. Familien har flytta ut frå eige initiativ.