Slapp unna toll
Bakgrunnen er at West Fish skal ha eksportert russisk fisk som norsk, og dermed unngått tollavgiftar på over fem millionar kroner.
Førstestatsadvokat Petter Nordeng.
Førstestatsadvokat i Økokrim, Petter Nordeng, seier at dette gjeld eksport av fisk til EU-land. Nordeng karakterisere saka som alvorleg.
Storaksjon
Forelegget og tiltalane er resultatet av ein storaksjon tollvesenet hadde for to år sidan. Då vart ei rekkje fiske-eksportørar kontrollerte. Tre vart melde til politiet for å ha juksa med opphavsbevisa, altså papira som viser kva land fisken kjem ifrå.
Ifølgje Økokrim kjøpte West Fish frosne filetar frå russiske trålarar i Nord-Noreg frå 1998 til 2000. Men i staden for å selje fisken som russisk, skal selskapet ha oppgitt at filetane var norske. Dermed slapp West Fish unna over fem millionar kroner i tollavgifter.
Dei to tiltalte personane har hatt stillingar som dagleg leiar og stabsmedarbeidar.
Svært overraska
Administrerande direktør i West Fish Aarsæther, Bjørnar Kleiven, er svært overraska over at Økokrim ilegg bot og tek ut tiltale. Kleiven meiner selskapet fortsatt har gode kort på handa, og han ser ingen grunn til å vedta boten.