NRK Meny
Normal

Millionar til sikring av straum

Straumlinjenettet treng vedlikehald og fornying for fleire milliardar kroner - Tussa nett skal bruke nær 50 millionar kroner på Søre Sunnmøre.

Video Linjesynfaring med helikopter

Tussa brukar helikopter til deler av synfaringa av linjenettet.

Straumlinjenettet i Noreg treng vedlikehald og fornying for 3 milliardar kroner i år og dei neste fem åra.
Tussa nett i Ørsta skal bruke nær 50 millionar kroner i år på dette arbeidet.
Selskapet arbeider no med å kartlegge linjenettet på heile Søre Sunnmøre.

Kraftlinjer

Tussa brukar 40-50 millionar kroner på linjesjekk årlig.

Foto: Anreas Sundby / NRK

Langs Ørstafjorden på Sunnmøre sender kraftelskapet Tussa straum til tusenvis av kundar. Linjene her er berre nokre titals kilometer av dei over tre tusen kilometrane Tussa har i nettet sitt.

Linjenettet treng vedlikehald og ettersyn. Tussa nyttar helikopter til synfaringa og oversikta som blir laga er med på å avgjere kor lenge det kan går før linja eventuelt må skiftast ut.

Arve Hovdenak

Nettsjef i Tussa, Arve Hovdenak

Foto: Andreas Sundby / NRK

Hos Tussa i Ørsta skal nett-sjef Arve Hovdenakk bruke resultata frå synfaringa til å planlegge arbeidet.

- Synfaringa dannar eit godt grunnlag for å vurdere feil og manglar og sjå kva som må utbetrast og fornyast. Kvart år brukar vi mellom 40 og 50 millionar kroner til dette, seier Arve Hovdenakk.

I Noreg er det 325 tusen kilometer straumlinje - nok til å gå 8 gangar rundt ekvator.

Noregs vassdrags og energidirektorat har estimert at det årleg må brukast 3 milliardar kroner på nye straumlinjer dei neste åra.

Årsaka er lite arbeid på linjenettet dei siste 10 åra - eit arbeid kraft- og nettselskapa no må ta igjen.