Hopp til innhold

Millionar til Oppdølsstranda

Riksveg 70 Oppdølsstranda i Sunndal får 200 millionar kroner til rassikring i forslaget til statbudsjettet neste år.

Kran Oppdølsstranda

Oppdølsstranda er svært rasutsett. Dette biletet er frå renskinga av fjellsida.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Rassikringspotten blir auka med 50 millionar kroner meir enn den milliarden som er lova, seier Jenny Klinge frå Senterpartiet.

Jenny Klinge

Stortingsrepresentant Jenny Klinge.

Foto: Åge André Breivik / NRK

– Rassikring er eit av satsingsområda til regjeringa. No klarer vi å levere meir enn den milliarden vi har lova. Dette kjem Møre og Romsdal godt til gode. Vi har prosjekt som Oppdølsstranda, Vågetunnelen og Hjartåbygda som eksempel, seier Jenny Klinge.

– At det kjem mykje til samferdsel er godt for fylket vårt. Og det er spesielt godt at det kjem mykje til rassikring, seier ho.