Hopp til innhold

Milliardkontrakt til Prezioso Linjebygg i Molde

Det Molde-baserte selskapet Prezioso Linjebygg har inngått ein milliardkontrakt med Statoil som skal gjelde i 15 år.

PREZIOSO Linjebygg

Milliardkontrakt: Statoil har inngått ei kontrakt på 3 milliardar med Prezioso Linjebygg i Molde.

Foto: PREZIOSO Linjebygg

Arbeidere fra Prezioso Linjebygg i Molde i full jobb på plattform

Mykje av arbeidet består i å vedlikehalde plattformunderstella i Nordsjøen

Foto: Prezioso Linjebygg

Kontrakten gjeld mellom anna leveranse av isolasjon, stillas, overflatebehandling og vedlikehald på fleire av Statoil sine plattformer, og har ein verdi på tre milliardar kroner.

Ei anerkjenning for jobben som er gjort gjennom mange år for Statoil, seier administrerande direktør Kristoffer B. Jenssen.

– Denne kontrakten letter ei tung bør frå skuldrene våre, og det er ein stor dag for alle tilsette i selskapet, seier han.

Behov for fleire medarbeidarar

Som dei fleste andre bedrifter innanfor olje- og gassbransjen har selskapet vore inne i ei tung periode det siste året.

– Vi har sagt opp folk og jobba med kostnadane våre, seier Jennsen.

Kristoffer B Jenssen

Kristoffer B Jenssen er svært tilfreds med at dei no er sikra arbeid i lang lang tid

Foto: PREZIOSO Linjebygg

No peikar pila i motsett retning, og selskapet får behov for fleire medarbeidarar. Selskapet skal no tilsetje nye medarbeidarar med utreisestad både frå Brønnøysund, Kristiansund og Bergen.

Nokre av selskapet sine tilsette som bur i bergensområdet vil bli overført til dei nye anlegga. Prezioso Linjebygg ønskjer også å kunne hente tilbake permitterte tilsette.

– Vi har eit behov for å utvide arbeidsstokken. At alt det harde arbeidet no blir krona med ei ny kontrakt er ei skikkeleg god nyheit for heile selskapet, seier Jenssen.

Kontrakten startar opp umiddelbart, og implementering av dei forskjellige anlegga vil skje suksessivt framover vinteren og våren.