NRK Meny

Milliardkontrakt til Prezioso

Prezioso Linjebygg i Molde har fått ein kontrakt med Statoil som gjeld leveranse av isolasjon, stilas, overflatebehandling og vedlikehald. Kontrakten gjeld ei rekke offshore-installasjonar og skal gjelde i 15 år, og har ein verdi på tre milliardar kroner. Selskapet har det siste året redusert arbeidsstokken men får no behov for fleire medarbeidarar.