Den saudiarabiske milliardærarvingen Abdullah al Othman likar dårleg søkjelyset som no er retta mot far hans og selskapa hans. Denne veka har dei kritiske spørsmåla hagla under rettsaka som pågår i Møre og Romsdal tingrett.
Store pengestraumar har gjort at banken stiller spørsmål om kvitvasking og mistanke om finansiering av terrorverksemd.
– Endå i dag lurer vi på kva nøyaktig som er problemet at vi har gjort? Er det eit problem at eg er fødd i feil land, eg veit ikkje, sa 31-åringen.
Abdullah Al Othman på veg inn i Møre og Romsdal tingrett. Han nektar å svare NRK på korleis han stiller seg til påstandane om finansiering av terrorverksemd.
Foto: Roar Strøm / NRKBanken har slått alarm
Far hans, Mohammed, kjøpte seg opp i romsdalsselskapet Eirawater i 2016, og har sprøyta inn nesten 150 millionar kroner dei siste åra.
Det har fått selskapet sin norske lokalbank til å trykke på alarmknappen.
Abdullah Al Othman seier dei aldri har opplevd maken til problema med banken i Noreg.
Abdullah Al Othman møter i retten for far sin, milliardæren Mohammed Al Othman frå Saudi-Arabia. To av selskapet sine advokatar Anne Kjølseth Ekerholt og Roger Sporsheim til venstre.
Foto: Roar Strøm / NRK– Vi har aldri før opplevd noko slikt
Romsdal Sparebank har ikkje slått seg til ro med svara dei har fått frå den saudiarabiske majoritetseigaren av Eirawater. Dei har fleire gonger stilt spørsmål ved korleis ein tidlegare jagarflypilot kan slå seg opp slik Mohammed Al Othman har gjort.
Kvitvaskingslova som blei innført i 2018 pålegg alle bankar å skaffe grundig oversikt over kvar pengane frå kundane kjem frå. Dette skal forhindre at utbytte frå kriminelle handlingar hamnar i Noreg.
Då sonen vitna i Møre og Romsdal tingrett tysdag måtte han svare for selskapsstruktur, eigarskap og pengestraumar. Banken sin advokat ville også vite kvifor dei held fast på engasjementet i den norske bedrifta.
– Du foreslår å berre gå vår veg, forlate Eira? Vi har ikkje gjort noko gale. Vi ønskjer å forstå kva banken faktisk vil at vi skal gjere. Vi har aldri før opplevd noko slikt, sa ein fortørna Othman i retten.
Hevdar banken vil bli kvitt brysom kunde
Det vekte oppsikt både i og utanfor bankmiljøet då DNB fekk i fjor ei bot på 400 millionar kroner for brot på Kvitvaskingslova. Eirawater sine advokatar ville vite om dette hadde skremt Romsdal Sparebank slik at dei no vil bli kvitt ein brysom kunde.
Administrerande banksjef Odd Kjetil Sørgaard til høgre seier dei har lagt ned eit stort arbeid for å kartlegge verdiane til selskapet. Til venstre er advokat Tor Henning Rustan Knutsen og advokatfullmektig Line Stjern Pedersen.
Foto: Roar Strøm / NRKDet avviste administrerande banksjef Odd Kjetil Sørgaard på det sterkaste då han vitna. Han hevdar banken har strekt seg langt for å kunne behalde Eirawater som kunde.
– Vi har gjort så godt vi kan og brukt store ressursar på å finne ut av dette, sa Sørgaard.
Rettssaka held fram resten av veka.