Hopp til innhold

Miljøvernforbundet meiner det ikkje er plass til fleire gondolar i Noreg

I Sula og fleire andre plassar i landet blir det no lagt planar om å byggje gondolar. – Grensa er nådd, meiner Miljøvernforbundet.

Illustrasjon av Sula gondol toppstasjon

ILLUSTRASJON: Ved toppstasjonen til gondolen ved Rundehornet på Sulafjellet, 725 meter over havet, vil det komme restaurant og terrassar, om prosjektet blir ein realitet. Utsikta er mot Ålesund, øyene rundt og Sunnmørsalpene.

Foto: Snøhetta/ Sula gondol

I Sula kommune, like utanfor Ålesund, har ein næringslivsutviklar store planar. Ønsket er å lage gondol, restaurant, skianlegg og zipline. Eigarane trur det vil komme 150 000 turistar hit i året.

– Gondol har vore ein suksess i Noreg. Folk ønskjer ein enkel tilkomst til fjelltoppar, seier prosjektleiar i Flakk-gruppa, Terje Devold.

Illustrasjon av Sula Gondol, tegnet av Snøhetta

Illustrasjon av Sula Gondol, teikna av Snøhetta

Vern eller vekst?

Dei siste åra har Loen, Åndalsnes, Voss, Narvik og Stranda fått gondol. Før gondolen kom var spørsmålet der det same som innbyggjarane i Sula no spør seg: Skal vi gå for vern av naturen, eller vekst?

– Den openberre fordelen med gondolen er arbeidsplassane vi skaper, inntil 100 arbeidsplassar. Det blir verdiskaping for innbyggjarar og kommunen, og skatteinntekter til kommunen, seier Devold.

Terje Devold

– Vi skaper besøksglede ved at fleire får oppleve Langevåg og Sulafjellet på ein positiv måte, seier Terje Devold.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Meiner at det ikkje er plass til fleire

Over heile landet blir det no lagt planar om å byggje gondolar som skal frakte folk til fjells. I Odda, på Flåm, Kjøsnesfjorden i Sunnfjord kommune, og i Mosjøen jobbar aktørar for å få det til.

Ruben Oddekalv i Miljøvernforbundet meiner det bør gå ei grense for kor mange gondolar det kan vere i Noreg

– Vi har kryssa den grensa. Dei som er der, er der. Men eg meiar det ikkje er rom for fleire. Kvar gong du byggjer ein gondol bryt du opp eit nytt naturområde.

Han håpar at statsforvaltarane vil setje foten ned for gondolar i framtida.

– Men eg håpar at dei fleste stader evnar å tenkje litt lenger fram. Eg trur ein i framtida vil angre om ein gjer for mange slike inngrep.

Ruben Mjelde Oddekalv

– Kva er det som gjer at turistane vil komme dit, og kva er det som er ettertrakta? Svaret er at det er urørt og vakkert natur, seier Ruben Oddekalv.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen

– Framleis marknad for fleire gondolbanar

Etter at Romsdalsgondolen, som går frå sentrum i Åndalsnes til fjelltoppen Nesaksla, opna i 2021, har 170 000 personar tekne gondolen.

– Det har vore ein suksess og vi har tent pengar frå dag ein, seier Pål R. Amundsen, administrerande direktør i Romsdalsgondolen.

Amundsen trur andre som vil byggje gondol vert inspirert av suksessen.

– Det er framleis marknad for fleire gondolbanar, men konseptet er viktigare enn sjølve gondolen. Det er den totale opplevinga som tel.

Romsdalsgondolen i Rauma

Romsdalsgondolen er 1676 meter og er den lengste pendelbana i Noreg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Næringslivet på Åndalsnes merkar effekten av gondolen jamt over heile året.

– Vi opplever ein synergieffekt der det dryp på alle. Folk som skal ta gondolen handlar her og bruker tenestene våre, seier leiar av Åndalsnes Sentrum AS, Tone-Brit Sandsmark.

Krev at prosjektet blir stoppa

Lokalt møter prosjektet i Sula motstand. Ikkje alle ønskjer at turistattraksjonen skal komme til bygda. Natur og Ungdom krev at prosjektet blir stoppa.

Det er paradoksalt at ein må øydeleggje naturen for at turistar skal få oppleve den. Eg trur ein klarer å finne betre og meir kreative løysingar enn ein gondol, seier Meta Eline Ipsen Sande, leiar av Natur og Ungdom i Ålesund.

Meta Eline Ipsen Sande

– Vi står midt i ei naturtapskrise, og har ikkje råd til å bygge ned meir natur, seier Meta Eline Ipsen Sande.

Foto: Silje Thalberg / NRK

– Vi får heimane våre øydelagde

Eit stort fleirtal av dei som bur der traseen er planlagd, er heller ikkje positive. Dei trur at ein gondol vil øydeleggje heimstaden deira.

– Vi får heimane våre øydelagde av innsyn, støy og skuggar. Dette er ikkje berre bygg som kan løysast ut til ein marknadsverdi, men heimane våre kor vi vil bu, seier Frank Hide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL